Bønneveka 2016

Bøneveka for kristen einskap

18. - 25. JANUAR 2016 og heile resten av året

 

Kalla til å forkynna Herrens storverk (sjå 1 Pet 2,9)

 

LAST NED MATERIALE TIL BØNEVEKA FOR KRISTEN EINSKAP 2016 HER:

PDF-FORMAT    |    WORD-FORMAT


Sjå også:  Historien til Bønneuka


Arbeidet for einskap - gjennom heile året

Bøneveka for kristen einskap har etter tradisjonen vore halde 18.-25. januar på den nordlege halvkula. Desse dagane blei foreslått av Paul Wattson i 1908 fordi dei ligg i tida mellom festane for apostlane Peter og Paulus. Dermed får dei ei symbolsk tyding. Men på den sørlege halvkula er januar feriemånad, og kyrkjene der finn derfor andre tider til Bøneveka, til dømes kring pinse, slik det vart foreslått av Tru og kyrkjeordningsrørsla i 1926. Pinse er jo og ei symbolmetta tid for kristen einskap. 

Men arbeidet for kristen einskap er ikkje avgrensa til ei veke kvart år. Vi oppmodar dykk derfor til ikkje berre å vera fleksible med omsyn til dato, men og til å sjå det materialet vi presenterer her som ei innbyding til å finna høve gjennom heile året til å markera den fellesskapen som kyrkjene alt er kome fram til, og til å be saman for den fulle einskapen etter Kristi vilje.

 

Tilpassing av teksta

Dette materialet legg vi fram i full forståing for at de, når det er mogleg, kan tilpassa det til bruk på lokalt nivå.  Då må det i tilfelle takast omsyn både til lokale tradisjonar for gudsteneste og liturgisk praksis og til heile den sosiale og kulturelle samanhengen de står i. Normalt bør ei slik lokal tilpassing skje i ei økumenisk ramme. Nokre stader finst det alt økumeniske organ som naturleg tar ansvar for å legga materialet til rette. Andre stader vonar vi at trongen for tilpassing kan skapa grobotn for å danna slike organ.

 

Bruk av materialet for Bøneveka

  • Kyrkjer og forsamlingar, som saman markerer Bøneveka gjennom ei einskild felles gudsteneste, kan nytta ordninga for økumenisk gudsteneste i materialet.
  • Kyrkjer og forsamlingar kan og gjerne innarbeida materialet frå Bøneveka i sine eigne gudstenester. Då kan ein nytta bøner frå den økumeniske gudstenesta, frå ”dei åtte dagane”, eller frå utvalet av tilleggsmateriale slik det høver i eigne samanhengar.
  • Forsamlingar som markerer Bøneveka med gudstenester kvar dag gjennom heile veka, kan nytta materialet frå ”dei åtte dagane” til desse gudstenestene.
  • Dei som vil gjera bibelstudium over temaet for Bøneveka, kan nytta bibeltekstane og andaktane frå ”dei åtte dagane” som utgangspunkt. Samtalane kan munna ut i bøn.
  • Dei som ønskjer å be åleine, kan finna hjelp i materialet til å konkretisera bøna. Slik kan dei kjenna at dei bed saman med kristne frå heile verda om at einskapen i Kristi kyrkje må verta synleg.

 

Design by InBusiness | Powered by i-tools.no