Bøneveka for kristen einskap
(19.01.2010) - 18.-25.januar markeres bøneveka for kristen einskap over heile Noreg og i heile verda.
”De er vitne om dette” (Luk 24, 48) er sett som tema for Bøneveka for kristen einskap 2010. Ordet er henta frå det 24. kapitlet i Lukasevangeliet og er ei berebjelke i denne gudstenesta.
Det same temaet har dei skotske kristne valt for feiringa av 100-årsminnet om Misjonskonferansen i Edinburgh. I 1910 fekk deltakarane på møtet i Edinburgh høyra profetbodskap om korleis skiljemurane mellom kristne ikkje berre svekkjer verknaden av misjonsarbeidet, men at dei jamvel er ein støytestein for vitnemålet om kyrkja som Kristi lekam og for den tenesta ho har i verda.
I 2010 innbyr dei kristne i Skottland til økumeniske samlingar der dei les høgt frå heile kapittel 24 hjå Lukas. På det viset kjem forkynninga, takken, bønene og feiringa av å vera sendt til verda med evangeliet inn i sin rette samanheng. Det at Kristus stod opp frå grava tredje dagen, er sjølve grunnlaget for fellesskap mellom kyrkjene og for alt misjonsarbeid.
Oppstoda er eigentleg bandet mellom misjonstenesta og einskapen, og skapar difor ei vedvarande naud for oss til å halda fram med arbeidet for kristen einskap. Det var nett denne samanhengen mellom evangelisering og økumenikk som pionerane i den økumeniske rørsla i det 20. hundreåret heldt fram så sterkt og klårt.
Materialet til Bøneveka for kristen einskap 2010 finnast her.
> Flere aktueltsaker
[26.08.10] Husk på Pakistan!
Global Info i Norges Kristne Råd oppfordrer norske menigheter til ikke å glemme menneskene som er rammet av den enorme flommen i Pakistan.[23.08.10] Bli ledsager i Palestina og Israel
[15.07.10] Sommerstengt
> Flere aktueltsaker
> Aktivitetskalender

